VisitVaga.no

Title

Vågå Reiseliv

Description

Vågå – av gammalnorsk vega, som betyr reise, fare. Namnet fortel om ei eldgammal ferdselsåre mellom aust og vest. Her har folk funne si ferdmannskvile etter gammalt. Her finn moderne ferdafolk si kvile – stansar og opplever tradisjon: Solsvidde tømmerhus trygt på tuft i gavmilde lier, storgard og småbruk i eitt med naturen gjennom hundreår. Slit og trivsel har gått hand i hand – folk har funne sin identitet her. Matklokka på stabbursmønet har kalla onnefolket til bords – gamle hus har ramma inn det heile. Med sine 150 freda hus er Vågå den kommunen i landet som har flest i så måte. Dei finst på seksten gardsanlegg – det eldste er eit middelalderloft.1

Additional Information



Retrieved from "http://aboutus.com/index.php?title=VisitVaga.no&oldid=30410770"